Herta Müller | |
Herta Müller (2019), Prague | |
Statsborgarskap | Tyskland, Romania |
Fødd | 17. august 1953 (70 år) Nițchidorf |
Yrke | skribent, lingvist, lyrikar, omsetjar, romanforfattar, essayist |
Språk | tysk |
Sjanger | roman, dikt, essay |
Medlem av | Romanias forfatterforening, Litteraturforeningen Adam Müller-Guttenbrunn, Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung |
Ektefelle | Richard Wagner, Harry Merkle |
Herta Müller på Commons |
Herta Müller (fødd 17. august 1953 i Niţchidorf) er ein rumensk-tysk forfattar og nobelpristakar i litteratur.
Med sine sjølvbiografisk farga romanar skildrar Herta Müller den tyske minoriteten sitt liv i det kommunistiske Romania, og tilpassinga til dei ekstreme forhalda der. Ho har vorte kalla ein kronikør over kvardagen i diktatura, og verka er prega av opprør til forsvar for tanke- og ytringsfridom. På grunn av kritikken hennar mot regimet måtte ho flykte heimlandet 1987, og ho bur no i Berlin. Ved sidan av virket som forfattar er ho verksam som forelesar ved universitet. Ho vart tildelt Nobelprisen i litteratur for 2009 med grunngjevinga at ho «med poesins förtätning och prosans saklighet tecknar hemlöshetens landskap.»
Herta Müller vart fødd i den rumenske delen av Banatet og høyrer til schwabane, den tyskspråklege minioriteten i landet. Far hennar hadde til liks med mange andre rumenarar ei fortid i SS. Mor hennar vart deportert til ein sovjetisk arbeidsleir i Ukraina i 1945 og var der i fem år. Foreldra hennar var bønder.
Herta Müller studerte germanistikk og rumensk litteratur ved Universitetet i Timişoara og deltok i Aktionsgruppe Banat, ei gruppe rumenarar og tyskarar som kjempa for ytringsfridom. I 1976, etter studia, fekk ho arbeid som omsetjar på ein fabrikk, men fekk sparken i 1979 fordi ho nekta samabeide med Securitate, den rumenske tryggingstenesta. Ho byrja arbeide som lærar og skreiv det som kom til å verte novellesamlinga Niederungen. Boka vart utgjeven i Romania i sensurert form, men det usensurerte manuskriptet vart smugla ut av landet og boka utgjeven i Vest-Europa der boka vart svært godt motteke. I korte prosastekstar vert eit landbygdsmiljø skildra frå synsvinkelen til eit barn. 1984 gav Müller ut Drückender Tango. Ho vitja så bokmessa i Frankfurt der ho snakka ope om diktaturet i Romania, og etter det fekk ho ikkje lenger gje ut bøker i Romania.
Müller og hennar dåverande ektemann, forfattaren Richard Wagner, reiste i eksil i Vest-Tyskland i 1987 etter at bøkene hennar vart forbodne i heimlandet og ho vart oppsagt frå arbeidet sitt. I det nye heimlandet fekk ho arbeid som lærar på ein høgskule.
Ho har gjeve ut fleire romanar etter at ho busette seg i Tyskland. I 1995 vart ho medlem i Deutschen Akademie für Sprache und Dichtung. Ho melde seg ut or PEN i 1997 i protest mot att den vest-tyske avdelinga skulle slåast saman med den aust-tyske.
I 2009 vart Herta Müller tildelt Nobelprisen i litteratur.
Bakgrunnen for forfattarskapen til Müller er erfaringane med forfølginga og undertrykkinga under regimet til Ceauşescu. Ho tek opp problema den tyske minoriteten hadde, men òg fascisme og korrupsjon hjå den tyske minoriteten.